Ávdira
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ávdira (gresk Άβδηρα), tidlegare òg Abdera, er ein landsby og ein kommune i periferieininga Xánthi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas, 17 km nordaust for munningen av Nestos (Mesta).
Meir informasjon Ávdira Lokalt namn Άβδηρα, Geografi ...
Ávdira Lokalt namn Άβδηρα | |
---|---|
Ruiner i Ávdira | |
Geografi | |
Stad | Thráki |
Koordinatar | 40°57′N 24°59′E |
Areal | 314,8 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Aust-Makedonía og Thráki Xánthi |
Hovudsete | Jeniséa (1 454 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 17 610 (2021[1]) |
Folketettleik | 55,9 /km² |
Lukk
Kommunen har namn etter den tidlegare gresk byen Ávdira (Abdera) på kysten av Thráki. Innbyggjarane her var rekna for å vera einfaldige, sjølv om tenkjarar som Demokrit og Protagoras kom derifrå. Byen skal ha vore bygd av Herakles til minne om kjærasten hans, Abderus. Ávdira var i byrjinga ein fri by, men vart seinare underlagd Makedonia og etterkvart Romarriket.