Årring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Årringar er ringane ein kan sjå i tverrsnittet på ei trestamme. Synlege ringar er eit resultat av sesongavhengige endringar i kor raskt treet veks, og ein ring markerer derfor vanlegvis eitt år av livssyklusen til treet. Ringane er meir synlege på tre som veks i temperert klima fordi skilnadane mellom årstidene er større her.
Den indre delen av ringane er forma tidleg i vekstsesongen, medan veksten er relativt rask og tettleiken på treet er mindre. Den ytre delen av ringane har større tettleik fordi trea veks saktare om sommaren og hausten.
År med tilstrekkeleg fukt og ein lang vekstsesong fører til tjukke ringar, medan år med tørke kan gje smale ringar. Slik kan ein òg seie noko om klimatilhøva og variasjonen i desse i området eit tre veks ved å studere årringane. Tre frå same område har ein tendens til å utvikle dei same mønstera i dei same periodane. Studiet av slike ringar vert kalla dendrokronologi.