AAAAA naturskjønne område i Kina
From Wikipedia, the free encyclopedia
AAAAA (5A) er ei utnemning gjeven til dei viktigaste og best ivaretekne naturskjønne turistmåla i Kina. Det er det høgaste nivået i klassifiseringa brukt av det kinesiske kultur- og turismedepartementet. I 2020 var det 279 attraksjonar klassifiserte som 5A.[1]
Opphavet til vurderingssystemet for turistattraksjonar er basert på kriterium som først blei sett opp i 1999 av den nasjonale turismeadministrajsonen i Kina (forgjengaren til det noverande kultur- og reiselivsdepartementet) og revidert i 2004.[2] Kriteria inkluderer kvalitets- og styringsfaktorar som transportsamband, tryggleik, rensemd og liknande, og tar òg omsyn til kor særeige og kjent staden er.[3] Turistattraksjonar blir rangerte etter kriterium på ein skala som opphavleg gjekk frå A til AAAA med AAAAA eller 5A lagt til seinare som den høgaste karakteren. Ei gruppe på 66 turistattraksjonar blei sertifiserte som den første gruppa AAAAA-rangerte turistattraksjonar i 2007. Den første omgangen inkluderte mange av dei mest ikoniske historiske stadene i Kina, som Den forbodne byen og Sommarpalasset. Fleire grupper blei lagt til seinare, inkludert 20 nye 5A-område i februar 2017[4] Ved sjelnde høve har nokre stader blitt nedgraderte frå den høgaste kategorien på grunn av manglar i turistopplevinga.[5]