Ajía Paraskeví
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ajía Paraskeví (gresk Αγία Παρασκευή) er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]
Ajía Paraskeví Lokalt namn Αγία Παρασκευή | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 38°00′N 23°49′E |
Areal | 7,97 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Attikí Nord-Aten |
Hovudsete | Ajía Paraskeví (62 147 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 62 147 (2021[1]) |
Folketettleik | 7798 /km² |
Ajía Paraskeví ligg nordaust for Aten, om lag 10 km frå sentrum av byen. Fram til 1950-åra var forstaden tynt folkesett og dei fleste innbyggjarane dreiv med jordbruk. I 1960-åra opplevde Hellas rask økonomisk vekst og mange emigrerte til storbyane, noko som førte med seg rask utviding av desse. Dermed auka folkeveksten dramatisk i forstadane til Aten. I dag er Ajía Paraskeví tett folkesett med mykje trafikk og luftforureining.
Ajía Paraskeví ligg ved foten av Ymittós og er ein av få forstadar i Aten som har mange tre og grøne område. Byen strekkjer seg oppover i høgda og ein kan sjå store delar av Aten og heilt til Pireus.