![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f1/Submarine_attack_%2528AWM_304949%2529.jpg/640px-Submarine_attack_%2528AWM_304949%2529.jpg&w=640&q=50)
Antiubåtkrigføring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Antiubåtkrigføring, frå engelsk anti-submarine warfare, forkorta ASW (på norsk nokre gonger AU, AntiUbåt), viser til deteksjon av, jakt på og eventuell øydelegging av ubåtar. Det finst ASW-system for både fly, helikopter og skip, i tillegg til ubåtar. Då «H. L. Hunley» i 1864, som første ubåt i historia, senka eit fiendtlig skip, hadde skipet ikkje noko å forsvara seg med. I dag vert det nytta avanserte system for oppdaging og uskadeleggjering av ubåtar.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f1/Submarine_attack_%28AWM_304949%29.jpg/320px-Submarine_attack_%28AWM_304949%29.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f2/Germansailorinwater.jpg/640px-Germansailorinwater.jpg)
Anti-ubåtvåpen kom først i stand litt ut i første verdskrig, etter at ubåtane verkeleg hadde vist sin kampverdi. Det første utstyret for å detektere ein neddykka ubåt var primitivt, men utviklinga sidan den gongen har gått raskt. I dag kan ein sonar oppdaga ein ubåt på lang avstand, alt etter støynivå, saltprosent, temperatur og liknande. I tillegg kan ein henta informasjon om fart, djup, avstand og kurs berre ved hjelp av passive system; passivt vil seia at systemet ikkje sjølv sender ut signal. Dei første våpna var enkle synkeminer, eit våpen som òg er i bruk i dag. Men det finst òg i dag avanserte «fire-and-forget» ('skyt-og-gløym') -torpedovåpen som søkjer seg fram til og kan uskadeleggjera ein ubåt heilt på eiga hand.