Askim kommune
tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Askim kommune var ein kommune i Østfold fylke, fram til 1.1.2020. Kommunen grensa i vest og i nord til Spydeberg, i aust til Trøgstad og Eidsberg og i sør til Skiptvet kommune. Glomma dannar ei naturleg kommunegrense i vest, og fossar har blitt utnytta til kraftproduksjon. Askim har derfor tre store kraftverk innanfor sine grenser (Solbergfoss, Kykkelsrud og Vamma).
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Askim kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Askim | ||
Areal | 69 km² | ||
- land | 68 km² | ||
- vatn | 1 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Thor Hals (H) | ||
Kommunenr. | 0124 | ||
Askim kommune 59.586111111111°N 11.17°E / 59.586111111111; 11.17 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Askim, Norway | |||
Nettstad: www.askim.kommune.no | |||
Lukk
Administrerande senter i kommunen er tettstaden Askim. Der bur omtrent 90 % av innbyggjarane i kommunen, mens resten bur jamnt fordelt i mindre bygdesentrum ved dei tre kraftverka. Lokalavisa er Smaalenenes Avis, som også dekkjer dei omkringliggjande kommunane.