Brocken
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brocken eller Blokksberg er det høgaste fjellet i Harz i Tyskland (mellom Weser og Elbe) og er òg den høgaste fjelltoppen i Nord-Tyskland med ei høgd på 1 141 meter over havet. Sjølv om fjellet er mykje mindre enn dei alpine fjella i sør, har det eit mikroklima som liknar det ein finn på fjell med ei høgd på 2 000 meter. Toppen har snødekke frå september til mai og er dekt av dis og tåke om lag 300 dagar i året. Den årlege normaltemperaturen er berre 2,9 °C.
- Denne artikkelen handlar om fjellet i Tyskland. For fjellet på Sør-Georgia, sjå Brocken på Sør-Georgia.
Brocken | |||
fjell | |||
Toppen av Brocken med TV-tårnet | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Område | Sachsen-Anhalt | ||
Fjellkjede | Harz | ||
Høgd | 1 141 moh. | ||
Primærfaktor | 856 m | ||
Koordinatar | 51°48′02″N 10°37′02″E | ||
Brocken 51.800555555556°N 10.617222222222°E / 51.800555555556; 10.617222222222 | |||
Wikimedia Commons: Brocken | |||
Brocken har alltid hatt ei viktig rolle i segner og har vore knyta til hekser og demonar. Goethe tok opp segnene i verket hans Faust, der han òg nemner fjellet. Brockenspekteret er eit vanleg fenomen på dette disige fjellet, der skuggar som vert kasta på tåka skapar ein skummel optisk effekt.
I dag er Brocken ein del av ein nasjonalpark og har fleire historiske botaniske hagar med fjellplanter, grunnlagd i 1890. Ein smalsporsjernbane, Brockenbahn (del av Harzer Schmalspurbahn), tar passasjerar frå Wernigerode i nord og Nordhausen i sør til jernbanestasjonen på toppen. Fjellet har mange turstiar. På toppen av fjellet står eit TV-tårn.