Consolidated PBY Catalina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Consolidated PBY Catalina er eit amerikansk sjøfly for transport, rekognisering og u-båtkrigføring. Flyet kunne utrustast med synkeminer, bomber, torpedoar og M2 Browning maskingevær. Catalina var eit av dei mest brukte multirolleflya under den andre verdskrigen. PBY Catalina tenestegjorde i det amerikanske forsvaret, det britiske luftforsvaret og i ei rekkje andre land. PBY Catalina vart og nytta av det norske luftforsvaret, både under den andre verdskrigen, og fram til 1961.