Dei fire årstidene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Le quattro stagioni (Dei fire årstidene) er ei samling av fire fiolinkonsertar av komponisten Antonio Vivaldi. Dei vart komponerte i 1723 og er det mest kjende verket til Vivaldi og av dei mest kjende frå heile barokkmusikken. Teksturen i kvart konsertstykke er variert, og kvar av dei representerer ei årstid. Til dømes har «Vinteren» mykje sølvaktige staccato-notar frå dei høge strengene, som gjev assosiasjonar til iskaldt regn, medan «Sommaren» gjev assosiasjonar til torevêr i den siste satsen, som ofte berre vert kalla «Stormen».
RV 269, Solokonsert av Antonio Vivaldi | |||
Sjanger | Fiolinkonsert | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Publiseringsdato | 1725 | ||
Typisk lengd | 40:45 | ||
Satsar/akter | 12 | ||
Opus | 8 |
Konsertane vart først publiserte i 1725 som ein del av tolv solokonsertar, Op. 8, kalla Il cimento dell'armonia e dell'inventione (Konkurransen mellom Harmoni og Nyskaping). Dei første fire konsertane vart kalla Le quattro stagioni, og kvart av dei kalla opp etter ei årstid. Kvar av dei består av tre satsar, med ein langsam sats mellom to raskare. Då Vivaldi komponerte Dei fire årstidene hadde ikkje det moderne solokonsertformatet vorte definert enno (typisk eit soloinstrument i lag med eit orkester). Det originale arrangementet til Vivaldi med solofiolin i lag med ein strykekvartett og basso continuo var med på å definere denne forma.