Kystalpane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei maritime Alpane eller Kystalpane er ei fjellkjede i den sørvestlege delen av Alpane. Ho dannar grensa mellom det franske departementet Alpes-Maritimes og den italienske provinsen Cuneo. På andre sida av Col de Tende ligg Dei liguriske Alpane og på den andre sida av Maddalena-passet ligg Dei cottiske Alpane. Mercantour nasjonalpark er ein del av Dei maritime Alpane.
Kjappe fakta Land ...
Kystalpane | |||
fjellkjede | |||
Land | Frankrike, Italia | ||
---|---|---|---|
Kystalpane 44.231389°N 7.176667°E / 44.231389; 7.176667 | |||
Wikimedia Commons: Maritime Alps | |||
Lukk
Vatn frå Dei maritime Alpane renn ut i elvane Roya, Var og Verdon og sideelevane deira på den franske sida, og i Stura di Demonte og andre sideelvar til Tanaro og Po på den italienske sida.