Denis Law
britisk fotballspelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Denis Law (fødd 24. februar 1940) er ein skotsk, tidlegare fotballspelar, fødd i Aberdeen. Han er særleg kjend for si tid i Manchester United, der han spela frå 1962 til 1973. Law, som vanlegvis spela indre venstre, vart cupmeister med klubben i 1963 og vann sidan to seriegull; 1965 og -67. I 1968 var han delaktig då Manchester United vann Europacupen, men spela ikkje finalen sjølv ettersom han var skadd. Mellom 1958 og -74 spela Law 55 landskampar for Skottland. I 1964 vart Law kåra til årets fotballspelar i Europa.