Dyrøya i Øksnes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dyrøya er ei øy i Øksnes kommune i Nordland med eit areal på 6,5 km². Det høgaste punktet på Dyrøya er Blåtinden på 562 moh.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Dyrøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Vesterålen |
Koordinatar | 68°49′16″N 14°49′49″E
|
Areal | 6,5 km²
|
Høgaste punkt | Blåtinden (562 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Lukk
Dyrøya er ei av fleire øyar i Øksnes Vestbygd. Andre øyar i dette området er Skogsøya, Nærøya og Tindsøya. Tidlegare var det mykje aktivitet på desse øyane, men i dag er det få fastbuande att.
Det største staden på Dyrøya er fiskeværet Barkestad. Barkestad har lang tradisjon som fiskevær, og har framleis dagleg hurtigbåtanløp.
Opphavet til namnet på øya er usikker. Det kan tyde ei øy der det finst ville dyr (rein eller hjort), eller sikte til rike ressursar, at øya er verdifull (dyrebar).[1]