Eyjafjallajökull
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eyjafjallajökull (òg kalla Øyafjelljøkulen[1]) er den sjette største isbreen på Island. Han ligg nord for Skógar og vest for den større isbreen Mýrdalsjökull.
Breen ligg over ein vulkan med ei høgd på 1 666 moh., som har hatt utbrot relativt ofte sidan istida. Det siste utbrotet byrja i mars 2010. Det førre utbrotet, som var frå 1821 til 1823, skapte eit katastrofalt jökulhlaup. Krateret til vulkanen har ein diameter på 3—4 km og breen dekkjer eit areal på om lag 100 km².
Den sørlege enden av fjellet var ein gong ein del av atlanterhavskysten. Sidan sjøen har trekt seg tilbake om lag fem km grunna landheving har den tidlegare kystlinja etterlate bratte klipper med mange vakre fossefall. Den mest kjende av desse er Skógafoss. I kraftig vind kan vatn i dei mindre fossane blåse oppover fjellet.