Françoise Sagan
fransk forfattar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Françoise Sagan psevdonym for Françoise Quoirez (21. juni 1935–24. september 2004) var ein fransk forfattar av romanar, dramatikk og dreiebøker. Ho skreiv allereie som 18-åring Bonjour tristesse, ein roman om desillusjonert ungdom.[1] Tittelen tok ho frå eit dikt av Paul Éluard, «À peine défigurée», som vart publisert i samlinga La Vie immédiate i 1932. Før romanen vart publisert, bad foreldra ho om ikkje å bruka familienamnet når ho skreiv. Ho lydde, og bytte ut Quoirez med Sagan, etter Marcel Prousts «Princesse de Sagan» i verket A la Recherche du Temp sin Perdu.[2]
Françoise Sagan | |
Pseudonym | Françoise Sagan |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 21. juni 1935 Cajarc |
Død |
24. september 2004 (69 år) |
Yrke | skribent, skodespelforfattar, romanforfattar, manusforfattar, biograf, filmregissør |
Språk | fransk |
Sjanger | roman, essay, teater, dikt |
Ektefelle | Guy Schoeller, Robert Westhoff |
Born | Denis Westhoff |
Françoise Sagan på Commons |
Bonjour tristesse vart publisert før Sagan hadde fylt 19, 15. mars 1954, og allereie 25. mai mottok ho Prix des Critiques (kritikarprisen) for han.[3] Romanen er seinare omsett til 22 språk, og er selt i meir enn 5 millionar eksemplar (per 2004).[1]