Galtvort
From Wikipedia, the free encyclopedia
Galtvort (engelsk Hogwarts) er ein fiktiv trollmannskule i Harry Potter-serien av J.K. Rowling. Skulen skal ligge i Storbritannia og dei fleste hekser og trollmenn her går på skulen (ein kan gå på andre trollmannskular òg). Skulen er ein kostskule som tek elevar frå 11 til 18 år. Utdanningssystemet er ganske likt det som er elles i Storbritannia, bortsett frå at dei fleste faga dreier seg om magi, då dette er det einaste unge magikarar treng å læra særleg mykje om. J.K. Rowling har sagt at skulen har 1 000 elevar, seinare modererte ho dette talet til 600.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Skule i Harry Potter-serien | |
Galtvort | |
---|---|
Type | Kostskule |
Stifta | ca. 900 e.kr. |
Stifta av | Gurdik Griffing, Helga Håsblås, Salazar Smygard og Rasla Ravnklo. |
Lokalisert | Storbritannia, nær Dufftown. |
Motto | Draco dormiens nunquam titillandus (latinsk, tydar på norsk: Kitle aldri ein sovande drake) |
Faste busette | Gnav og Husspøkelsa, i tillegg til studentane og lærarane unntatt skuleferiar. |
Fyrste opptreden | Harry Potter og de vises stein |