Galvanisering
From Wikipedia, the free encyclopedia
Galvanisering er ein elektrokjemisk prosess der eit metall vert dekt med eit tynt lag av eit anna metall gjennom elektrolyse. Prosessen har fått namn etter Luigi Galvani (1737 – 1798). Galvanisering brukast vanleg for å verne mot korrosjon (rust).
Galvaniseringa går føre seg på den måten at metallgjenstanden og det andre metallet vert gjort til elektroder i eit elektrolytisk bad der metallgjenstanden utgjer den eine elektroden og metallet som skal danne overflatelaget utgjer den andre elektroden i ein elektrisk straumkrins. Så vert metalla slutta til ei straumkjelde med ein lempeleg pol med motsett ladning i høve til metallionet i det brukte saltet. På denne måten vert metallet i den eine elektroden, forbrukselektroden, drege som metallion over til gjenstanden som skal handsamast og legg seg som eit jamt og tynt lag på overflata av denne gjenstanden. Dess lengre tid ein lèt prosessen gå, og dess større straumstyrke ein nyttar, dess tjukkare vert overflatelaget.
Det er vanleg å galvanisere gjenstandar av jarn og stål med eit lag av sink for å hindre at dei rustar, korroderer, og kan helde seg blanke. Massegalvanisering av små gjenstandar som til dømes spikar, skruar, mutterar, naglar og liknande, går føre seg ved at dei plasserast i ein roterande trommel i det elektrolytiske badet, såkalla trommelgalvanisering.