Guaraní
From Wikipedia, the free encyclopedia
Guaraní er eit tupiansk språk som vert snakka i Argentina, Bolivia, Brasil og Paraguay i Sør-Amerika. Det tilhøyrer tupí-guaraní-språka. Det er offisielt språk i Paraguay (saman med spansk), der det vert snakka av 94 % av innbyggjarane. Det er dermed det einaste indianske språket i Amerika som har fleire talarar enn det europeiske kolonispråket i noko land. Guaraní er òg offisielt språk i dei argentinske provinsane Corrientes og Misiones.
Guaraní avañe'ẽ | ||
Klassifisering | Tupiansk Tupí-guaraní-språk Guaraní | |
Bruk | ||
Tala i | Argentina Bolivia Brasil Paraguay | |
Guaranítalande i alt | 7 000 000 | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Paraguay | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | gn | |
ISO 639-2 | grn | |
ISO 639-3 | grn – guaraní (generisk)nhd – chiripágui – austbolivisk guaranígun – mbyá-guaranígug – paraguayansk guaranígnw – vestbolivisk guaraní | |
Wikipedia på guaraní |
Guaraní er det einaste indianske språket der majoriteten av brukarane ikkje er indianarar. Dette er ikkje vanleg i Amerika, der tendensen elles er at dei hellar mot å bruke dei meir prestisjetunge, offisielle språka (i dette tilfellet spansk).
Jesuittpresten Antonio Ruiz de Montoya, som skreiv ei bok kalla Tesoro de la lengua guaraní (1639), skildra guaraní som «så rikt og elegant at det kan mæle seg med dei mest berømte [språka]».