Göteborg
svensk by / From Wikipedia, the free encyclopedia
57.706944°N 11.966389°E / 57.706944; 11.966389
Göteborg | |||
by | |||
Göteborg sett frå ein berg- og dalbane i Liseberg-parken. Foto: David Castor | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Del av | Västergötland | ||
Areal | 23 092 km² | ||
Folketal | 607 882 (31. desember 2020) | ||
Göteborg 57.7075°N 11.9675°E / 57.7075; 11.9675 | |||
Wikimedia Commons: Göteborg | |||
Göteborg er ein by i Göteborg kommun i Sverige. Tettstaden har nesten ein halv million innbyggjarar og er den nest største byen i Sverige. Göteborg er den femte største byen i Norden. Byen er administrasjonsstad for Västra Götalands län og stiftsstad i Göteborgs stift.
Byen ligg på båe sider av elva Göta älv, ved munningen der elva renn ut i Kattegat. Göteborg vart grunnlagd på initiativ av Gustav II Adolf og fekk bystatus i 1621. Busetnaden i Göteborg har for ein stor del vokse saman med omliggande forstader. Tettstaden ligg hovudsakleg i Göteborgs kommun, men omfattar òg delar av Mölndals kommun og Partille kommun.
Göteborg har ein lang og framgangsrik industri- og handelstradisjon, og nokre av dei mest kjende industrikonserna er Volvo, SKF, ESAB og Hasselblad. Göteborgs hamn er også den største i Norden og ein betydeleg del av den svenske importen og eksporten skjer via Göteborg.