John Taverner
britisk komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
John Taverner (fødd ca. 1490, død 18. oktober 1545) var ein engelsk komponist og organist, som vert rekna som den viktigaste engelske komponisten på si tid. Livet hans er tema i Taverner, ein opera av Peter Maxwell Davies. Han komponerte først og fremst kyrkjemusikk, mellom anna 8 messer, 9 messedelar, 3 magnificat, 25 motettar og nokre songar og instrumentalstykke.
John Taverner | |||
| |||
Fødd | ca. 1490 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | South Lincolnshire i England | ||
Død | 18. oktober 1545 | ||
Dødsstad | Boston i England | ||
Opphav | Kongeriket England | ||
Sjanger | Renessansemusikk, vokalmusikk | ||
Verka som | Komponist og organist |
Taverner var organist og kapellmeister ved Christ Church i Oxford, utnemnd av kardinal Thomas Wolsey i 1526. I 1528 fekk han åtvaring for kontakten han hadde med lutheranane, men slapp straff då han «berre» var «ein musikar». Wolsey vart styrta i 1529, og i 1530 forlet Taverner posten sin.
Så vidt ein veit hadde han ingen musikktenester etter dette og ingen av verka hans kan daterast til eit seinare tidspunkt, så det kan hende han slutta å komponere. Det vart påstått at han fungerte som ein agent for Thomas Cromwell og at han att han assisterte ved klosteroppløysinga, men dette er i dag tvilsamt.
Ein veit at han slo seg ned i Boston i Lincolnshire, der han hadde ein mindre jordeigedom og var nokolunne velberga. Han vart vald til alderman i Boston 1545, kort tid før han døydde. Han er gravlagt under klokketårnet ved St Botolph's Church i Boston.