Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dette er eit oversyn over kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane, det vil seie gudshus i Sogn og Fjordane fylke som er vigsla for gudstenestebruk i Den norske kyrkja.
Det er 79 kyrkjesokn i Sogn og Fjordane fylke. I kvart av sokna er det ei eller fleire kyrkjer, og i tillegg kan det vere kapell. Kyrkjer i Den norske kyrkja vert eigde av sokna. Kapella og bedehuskapella som er lista er vigsla for gudstenestebruk i Den norske kyrkja og dei kan vere eigde av sokna, men dei kan også vere eigde av andre, som lokale lag eller organisasjonar som Normisjon.
Sogn og Fjordane høyrer til Bjørgvin bispedøme. Bjørgvin er eit av dei eldste bispedøma i landet og frå starten låg bispesetet for Vestlandet på den vesle øya Selja på sørsida av Stadtlandet, heilt nord i Sogn og Fjordane. I fylgje soga gav Olav Tryggvason ordre om at det skulle byggjast ei kyrkje på Selja etter at han fann bein med søt ange i hola på Selja.
Den eldste bevarde kyrkja i fylket er Urnes stavkyrkje som vart bygd kring 1130. Ho er det eldste trebygget i landet og ho står på UNESCO si verdsarvliste. Berre kring ti år eldre er Hopperstad stavkyrkje og Kaupanger stavkyrkje. Dei to eldste steinkyrkjene, Kinn kyrkje og Vereide kyrkje, er truleg frå kring 1160. I heilt andre enden av tidsskalaen finn ein Vassenden kapell frå 2002 og Sandane kyrkje frå 1997. Dei fleste av kyrkjene i fylket er frå 1800- og 1900-talet. Særleg i siste halvdelen av 1800-talet vart det bygd mange kyrkjer, og det vart samstundes rive mange eldre kyrkjer som ikkje lenger var tenlege, anten fordi dei var vortne for små eller fordi dei var i for dårleg stand, eller begge delar.
I oversikta er også teke med seks museumskyrkjer som tidlegar har vore eigde av sokna, men som no som no er eigde av Fortidsminneforeninga eller Miljøverndepartementet. Det gjeld Borgund stavkyrkje, Gaupne gamle kyrkje, Hestad kapell, Hopperstad stavkyrkje, Hove kyrkje og Urnes stavkyrkje. I dei vert det halde gudsteneste berre ved særskilde høve. Også Olden gamle kyrkje og Gimmestad gamle kyrkje fungerer meir som kulturminne enn som vanlege soknekyrkjer, men dei er eigde av sokna. Det er også mellomalderkyrkjene Kvamsøy kyrkje og Kinn kyrkje der det berre vert halde nokre få vanlege gudstenester i året, fordi det meste av gudstenestene no i staden vert haldne i kvar seg Sæle kyrkje og Florø kyrkje.