Lésvos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lésvos (gresk Λέσβος), òg kalla Lesbos, er den tredje største øya i Hellas og høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya er òg den åttande største i Middelhavet med eit areal på 1 630 km² og 320 km kystlinje.
Lésvos Lokalt namn Λέσβος | |
---|---|
Satellittbilete av Lésvos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 39°10′N 26°20′E |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane
|
Areal | 1 632,8 km²
|
Høgaste punkt | Lepétymnos, Ólymbos (967 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei nordlege egeiske øyane Lésvos |
Største busetnad | Mytilíni (31 714 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 83 755 (2021[1]) |
Folketettleik | 51,3 /km² |
Tidlegare hadde Lésvos 13 kommunar og var i lag med øyane Límnos og Ájos Evstrátios administrert som ein del av Lésvos prefektur. Frå 2011 vart Lésvos eiga periferieining i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2] Frå 2019 omfattar øya dei to kommunane Vest-Lésvos og Mytilíni.[3]
Lésvos har vel 80 000 innbyggjarar og meir enn ein tredjedel bur i hovudbyen Mytilíni, som ligg søraust på øya. Resten av folkesetnaden er spreidd i mindre byar og landsbyar. Dei største av desse er Kalloní, Jéra, Plomári, Ajásos, Eresós og Míthymna (Mólyvos). Mytilíni vart grunnlagd på 1000-talet fvt. av familien Penthilidae, som kom frå Thessalía og styrte fram til revolusjonen i 590–580 fvt. leia av Pittakos av Mytilíni.
Ordet «lesbisk» kjem frå dikta til Sapfo, med sterke kjenslege innhald mot kvinner, og som ofte vert tolka som homoseksuell kjærleik. På grunn av dette vert Lésvos, og særleg byen Eresós, fødestaden til Sapfo, ofte vitja av lesbiske turistar.[4]