Mont Aigoual
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mont Aigoual er det høgaste punktet i departementet Gard i Frankrike. Det er ein del av Massif Central, og er ein del av Cevennane nasjonalpark. Fjellet har ein primærfaktor på 730 meter.
Mont Aigoual | |||
fjell | |||
Austsida av Mont Aigoual | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Massif Central | ||
Høgd | 1 567 moh. | ||
Primærfaktor | 730 m | ||
Koordinatar | 44°07′N 03°35′E | ||
Mont Aigoual 44.11679167°N 3.58343056°E / 44.11679167; 3.58343056 | |||
Wikimedia Commons: Mont Aigoual | |||
Fjellet består av granitt og skifer og er ein stad med mykje nedbør i Massif Central, og ligg i området der fuktig luft frå det kalde Atlanterhavet møter den varme lufta frå Middelhavet. Den kraftige nedbøren dette skapar har gjeve namn til fjellet, som opphavleg var «Aiqualis» («den vasstrukne»). Den årlege middelnedbøren er opp til 2 250 mm, og er dermed den våtaste staden i Frankrike. Mont Aigoual er ein del av vasskiljet mellom Middelhavet og Atlanterhavet.
Vêrstasjonen på fjellet vart bygd i 1887, og vert i dag driven av det franske meteorologiske instituttet, Météo France. Det er den siste vêrstasjonen i Frankrike som framleis er busett av meteorologar. Ei utstilling om vêrvarsling er open for turistar om sommaren.