Napoli
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Napoli (napolitansk Nàpule, òg kalla Naples på fleire språk) er den største byen sør i Italia. Han er hovudstad i provinsen Napoli og i regionen Campania og har om lag 975 000 innbyggjarar. I antikken vart byen kalla Neapolis, som tyder «den nye byen». Storbyområdet til Napoli er det nest største i Italia og eit av dei største i Europa. Napoli ligg midt mellom vulkanen Vesuv og vulkanområdet Campi Flegrei, som begge er ein del av den campanianske vulkanbogen.
Napoli | |||||
---|---|---|---|---|---|
Merghellinahamna i Napoli, Vesuv i det fjerne. | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Provins |
Italia Campania Napoli | ||||
Grunnlagd | 600-talet fvt. | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
117 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik - Storbyområde |
975 139 8334,5/km² 3 082 756 | ||||
Koordinatar | 40°50′N 14°15′E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 80100 | ||||
Telefon-retningsnummer | 081 | ||||
Nettstad: www.comune.napoli.it |
Sjølve byen har nesten ein million innbyggjarar, som vert kalla napolitanarar (italiensk napoletani). Byen har ei rik historie og rike tradisjonar innan kunst, kultur og mat, og i følgje tradisjonen var det i Napoli at den italienske matretten pizza oppstod. I Napoli ligg San Carlo, det eldste operahuset i verda som framleis er i drift. Det vart opna 4. november 1737. Det historiske sentrumet av byen er ein del av UNESCO si verdsarvliste. Den napolitanske språket er eit av dei geografiske mest spreidde språka i Italia og ein har variantar av napolitanske dialektar ('o napulitano) dei fleste stader i Sør-Italia.
Mellom 1266 og 1861 var Napoli hovudstad i Kongedømet Napoli (seinare Begge Siciliar). På grunn av dette vert Napoli uoffsielt rekna som hovudstad i Sør-Italia (Il Mezzogiorno).