Omnfuglar
familie av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Omnfuglar, Furnariidae, er ein familie med om lag 300 artar av sporvefuglar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.
Omnfuglar | |
Brunstammeløpar, Margarornis rubiginosus | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Omnfuglar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Omnfuglar Furnariidae Gray, 1840 |
Dette er ei mangearta gruppe av fuglar som har fått namnet etter den omnliknande forma på reira gjort av leire hos artane i slekta Furnarius. Likevel har dei fleste artane i familien reir inne i hòl (tunnelar) i bakken eller i bergsprekker. Alle artane har overdekt reir. Dei legg opptil seks lysblåe, lysgrøne eller kvite egg som vert ruga mellom 15 og 22 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13 - 20 dagar.
Omnfuglar er små til mellomstore fuglar, storleiken varierer frå 9 til 35 centimeter i lengd. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat, alt frå byparkar med haciendaomnfugl til tropisk lågland i Amazonas med sine mange lauvgranskarar til tempererte golde Andesfjella som har fleire artar av tunnelfuglar. Ved kystane finst to bergkallar (cinclodes), fjærebergkall og brottbergkall.