Origami
From Wikipedia, the free encyclopedia
Origami (japansk: 折紙, origami, 'papirbretting') er ei japansk kunstform som går ut på å brette papir. Ordet origami tyder å brette papir, og på japansk kan origami brukast om all papirbretting, uansett kor ho kjem frå.
I origami nyttar ein berre somme brettar, men dei kan kombinerast på mange måtar. Det er vanleg å bruke eit kvadratisk ark, ofte med fargar eller mønster, og ein klipper ikkje i arket. I motsetning til det mange trur, tillet tradisjonell japansk origami, som har vore praktisert sidan Edoperioden (1603-1867), ofte klipping, og ein kan også bruke eit rektangulært eller sirkulært ark i denne typen origami.