Saltvatn
vatn som inneheld store mengder oppløyst salt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Saltvatn er vatn med ein større mengd oppløyste salt. Ein reknar vatn med ein salinitet på 35 promille salt eller meir som saltvatn. Saltvatn finst hovudsakleg i hava, men ein finn det også i innsjøar med lite tilsig, som Dødehavet eller Kaspihavet. Det finst òg meromiktiske innsjøar med saltvatn nær botn, til dømes Rørholtfjorden (ein arm av innsjøen Tokke).
Meir informasjon Fordelinga av grunnstoff i havet (etter masse): ...
Fordelinga av grunnstoff i havet (etter masse): | |
---|---|
Oksygen | 85,7 % |
Hydrogen | 10.8 % |
Klor | 1,9 % |
Natrium | 1,05 % |
Magnesium | 0,135 % |
Svovel | 0,0885 % |
Kalsium | 0,04 % |
Kalium | 0,038 % |
Brom | 0,0065 % |
Karbon | 0,0026 % |
Lukk
I snitt har hava eit saltinnhald på 3,5 %, det vil seie at ein finn 35 gram salt i ein liter havvatn. Det er likevel forskjell mellom ulike hav; austre delen av Finskebukta og nordenden av Botnvika, begge i Austersjøen, er dei minst salthaldige delane av verdshava, medan Raudehavet har høgast innhald av salt.