Sandra Perković
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sandra Perković (fødd 21. juni 1990) er ein kroatisk friidrettsutøvar som tevlar internasjonalt i diskoskasting og tidlegare også kulestøyt. Ho vart olympisk meister i øvinga i 2012 og verdsmeister i 2013. Perković har elles vunne diskosøvinga tre gongar på rad i europameisterskap i friidrett; 2010, 2012 og 2014. Då ho vart europameister i Zürich i 2014 sette ho landsrekord med 71,08 meter.
Kjappe fakta
Sandra Perković | |
Statsborgarskap | Kroatia |
Fødd | 21. juni 1990 (33 år) Zagreb |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Diskoskast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Diskoskast kvinner |
Close
I 2011 var Perković utestengd frå idretten i seks månader grunna brot på dopingregelementet.[treng kjelde]
Perković tok gull i diskos under sommar-OL 2016.[1]