Sfinks
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sfinks (utt. svings eller svinks) er eit fabeldyr med kropp som ei løve og hovud av eit menneske eller eit anna dyr. Sfinksar er særleg kjende frå det gamle Egypt, særleg gjennom sfinksen i Giza. Vesenet blei seinare teke opp i gresk mytologi, der det tok opp trekk frå ein annan skikkelse. I seinare europeisk kultur blei sfinksen teke opp i kunst frå renessansen. Ein finn også sfinks-aktige figurar i andre kulturar frå middelhavslanda og Asia.
Den egyptiske sfinksen stammar frå Det gamle riket (2000-talet f.Kr.). Den vanlegaste framstillinga av sfinksen er som ei liggande løve med menneskehovud, men ein finn også sfinksar med falk-, hauk- eller vêrhovud. På denne tida var det vanleg å laga skulpturar av løver med hovudet til guddomen knytt til området dei blei laga, eller som var viktig i landet då. Sfinksen var knytt til solguden Sekhmet og blei seinare symbol for sola, farao og landet Egypt. Han verna mot vondt, og blei sett opp for å verna graver og tempel.
I det gamle Hellas hadde sfinksen gjerne ørnevinger, og kunne i tillegg ha bryst som ei kvinne og slangehale. Denne sfinksen er best kjend for å ha vakta Theben ved å stilla alle som gjekk forbi ei gåte, og derette kvela og sluka dei som ikkje kunne svara. Sogehelten Ødipus løyste gåta, og sfinksen kasta seg ned frå klippa han stod på og døydde.