Sikh-guruane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Guruane i sikhismen viser til dei ti første leiarane av sikhane, og etter dei den heilage boka Guru Granth Sahib.
Ordet «sikh» tyder opphavleg 'læresvein', og alle sikhar følgjer ein guru, ein andeleg lærar eller rettleiar. Religionsgrunnleggjaren Guru Nanak peikte sjølv ut etterfølgjaren sin Angad Dev, og framheva at ein guru overførte ande «som eit lys tenner eit anna». Gurutittelen blei etterkvart ein arva innan éin familie, fram til Gobind Singh overførte rolla som leiar til sikhane si heilage skriftsamling. Boka Guru Granth Sahib blei dermed den andelege leiaren for sikhane, medan eit vald råd, panth, stod for det verdslege styret.
Guruane var først andelege leiarar, men i konflikt med mogulriket fekk nokre av dei også ei rolle som militærleiarar. Guru Ardjan og Guru Tegh Bahadur, blei avretta av mogulherskarane, og blir sett på som martyrar i sikhismen.