Snøggmat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Snøggmat eller snarmat er omsetjingar av det engelske omgrepet fast food, og vert brukt om ferdig tillaga varm mat som ein kan bli servert i enkle kaféar, buer eller liknande. Maten har fleire fordelar; han er billig, godt likt av mange, både rask å få tak i og rask å eta, men får òg mange klager, som at han er usunn eller øydeleggjande for tradisjonell matkultur.
|
Mattypen har utvikla seg i samband med det moderne samfunnet, der folk går meir ut for å jobba eller hygga seg, og samstundes bruker mindre tid i heimen. I tillegg til å lagast fort kan han òg etast fort, noko som passer til ein travel kvardag. Mykje av snøggmaten kan òg etast utan bestikk, noko mange opplever som enklare. Så enkelt er det at det er blitt sett fram klager om at ungar som et mykje snøgmat, ikkje lærer å bruka bestikk i det heile.