Palisades Tahoe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Palisades Tahoe i Olympic Valley i Placer County i delstaten California er eit av dei største skiområda i USA. Feriestaden tek årleg imot ca. 600 000 skiløparar. Det er det nest største skiområdet ved Lake Tahoe. Dei olympiske vinterleikane for 1960 vart arrangerte i Olympic Valley.
Kjappe fakta Land ...
Palisades Tahoe | |||
busetnad | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Palisades Tahoe 39.1882°N 120.2639°W / 39.1882; -120.2639 | |||
Wikimedia Commons: Squaw Valley | |||
Lukk
Skistaden vart grunnlagd i 1949 som Squaw Valley. Namnet vart endra i 2021 på grunn av den nedsetjande tydinga til ordet «squaw».
Olympic Valley ligg i fjellområdet Sierra Nevada, 1 900 meter over havet. Området er kjent for sine store snømengder, ofte fell opp til 1 200 mm gjennom vinteren. Anlegget er spreidd over seks toppar og 4 000 dekar. Høgste toppen er 2 760 meter over havet.