Ungarsk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ungarn er eit land i Sentral-Europa. Det har eit areal på 93 030 km² og er 250 km frå nord til sør og 524 km frå aust til vest. Det har 2 258 km med landegrenser mot Austerrike i vest, Serbia, Kroatia og Slovenia i sør og sørvest, Romania i søraust, Ukraina i nordaust og Slovakia i nord.
Dei moderne grensene til Ungarn vart først oppretta etter den første verdskrigen og Trianon-traktaten i 1920, då dei mista 71 % av det som tidlegare hadde vore Kongedømet Ungarn, 58,5 % av innbyggjarane og 32 % av ungararane. Med hjelp frå Nazi-Tyskland utvida Ungarn inn i Slovakia i 1938, Karpato-Ukraina i 1939, Romania i 1940 og Jugoslavia i 1941. Ungarn mista derimot alle desse områda etter tap i den andre verdskrigen, i tillegg til eit lite område som Tsjekkoslovakia fekk.