VM i alpine greiner 1950
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den 11. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 13. til 18. februar 1950 i Aspen i delstaten Colorado. Dei seks renna fann stad i skianlegget Ajax Mountain, straks utanfor arrangørbyen Aspen. Det var fyrste gongen ein alpin verdsmeistersap vart arrangert utanfor Europa.
Både menn og kvinner tevla i tre øvingar; slalåm, utfor og den nye øvinga storslalåm. Storslalåm stod på det alpine meisterskapsprogrammet for fyrste gong, og kom i staden for kombinasjonen, som rettnok var tilbake i verdsmeisterskapen 1954. 108 deltakar frå 14 land var påmeld meisterskapen i Aspen.
Medaljane vart fordelt på utøvarar frå fem land. Austerrike vann flest medaljar, sju i talet, tre av dei i gull. Zeno Colò frå Italia var den største forgrunnsfiguren med to gullmedaljar og ein sølv, austerrikske Dagmar Rom sanka tok gullmedaljar. Noreg fekk ein bronsemedalje ved Stein Eriksen i slalåm.