Fotball-VM 1958
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i fotball 1958 vart avvikla i Sverige i tida 8. til 29. juni 1958. Brasil vart verdsmeister etter å ha slått Sverige 5-2 i finalen. Just Fontaine skåra 13 mål i turneringa og sette ein målrekord som ingen har makta overgå. Meisterskapen vart det store gjennombrotet for Pelé.
Turneringsformatet var endra frå 1954. Framleis deltok 16 land, fordelt på fire innleiingsgrupper, men no skulle alle laga i gruppa spele mot kvarandre, utan ekstraomganger ved uavgjort resultat. Dersom to lag enda med like mange poeng, skulle det spelast omkampar for å avgjere kva lag som skulle gå vidare til kvartfinalane.
I Gruppe D vart det spelt omkamp mellom Sovjetunionen og England, og Anatolij Iljins mål i det 67. minutt sikra kvartfinaleplass for Sovjetunionen. Det måtte også spelast omkampar i gruppe A, der Nord-Irland slo Tsjekkoslovakia, og i gruppe C, Wales vann over Ungarn og gjekk vidare.