Fotball-VM 1982
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i fotball 1982 vart avvikla i Spania i tida 13. juni til 11. juli 1982. Italia vann sin tredje VM-tittel etter finalesiger 3-1 over Vest-Tyskland.
For fyrste gong deltok 24 land i verdsmeisterskapen, desse var inndelt i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe gjekk vidare til ei mellomrunde med fire grupper, kvar av dei med tre deltakarland. Vinnarane av dei fire gruppene i mellomspelet møttest så til to semifinalar.
I semifinalane vann Italia 2-0 over Polen, medan Vest-Tyskland slo ut Frankrike i straffetevling. Den siste kampen vart høgdramatisk; den vesttyske målvakta Harald Schumacher felte franske Patrick Battiston som var i ferd med å skåre eit «opplagt» mål på stillinga 1-1 i ordinær tid, og i ekstraomgangane tok Frankrike leiinga 3-1 før vesttyskarane reduserte og så utlikna til 3-3.
Bronsekampen i Alicante enda med polsk siger 3-2 over Frankrike.
Dei 52 kampane fann stad på 17 arenaer i 14 ulike byar. Italienaren Paolo Rossi vart toppskårar i turneringa med seks mål.