VM i fotball 1986
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i fotball 1986 vart avvikla i Mexico i tida 31. mai til 29. juni 1986. Argentina vart verdsmeister for andre gong etter finalesiger 3-2 over Vest-Tyskland.
24 land deltok i verdsmeisterskapen. Desse vart delt inn i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe, og dei fire beste trearane gjekk vidare til utslagsspel. Argentina, England, Spania, Belgia, Brasil, Frankrike, Vest-Tyskland og vertslandet Mexico vann sine kampar i åttedelsfinalane. Argentina slo England 2-1 i kvartfinalen, medan det i dei andre kvartfinalane måtte straffetevling til før det var klart at Belgia, Frankrike og Vest-Tyskland hadde slått ut høvesvis Spania, Brasil og Mexico.
Begge semifinalane enda 2-0, Argentina vann over Belgia og Vest-Tyskland over Frankrike. Bronsefinalen vart vunnen av Frankrike med 4-2, etter at det stod 2-2 ved ordinær tid.
Argentinaren Diego Maradona vart kåra til beste spelaren i meisterskapen. Gary Lineker frå England vart toppskårar med seks mål.