Vaksdal kommune
kommune i Vestland fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Vaksdal er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen høyrer til distriktet Midhordland og deltar i Bergen og Omland regionråd. Kommunesenteret er tettstaden Dale. (Vaksdal er òg namnet på ein tettstad i kommunen). Vaksdal grensar til Voss og Bergen kommunar, og jarnvegen; Bergensbanen, og stamvegen; Europaveg 16, mellom Bergen og Voss går tvers gjennom kommunen. Dei tre største bygdene i Vaksdal; Vaksdal, Stanghelle og Dale ligg langs denne ferdsleåra. Mottoet til Vaksdal kommune er «Bynært bygdeliv».
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Vaksdal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Dale | ||
Areal | 716 km² | ||
- land | 687 km² | ||
- vatn | 29 km² | ||
Folketal | 3 852 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Hege Eide Vik (Sp) | ||
Kommunenr. | 4628 | ||
Vaksdal kommune 60.606944444444°N 5.8161111111111°E / 60.606944444444; 5.8161111111111 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Vaksdal | |||
Nettstad: www.vaksdal.kommune.no | |||
Lukk
Vaksdal grensar til Osterøy og Alver (berre sjøgrense) kommunar i vest, Modalen kommune i nordvest, Vik kommune i nord, Voss kommune i aust, Kvam herad i søraust, Samnanger kommune i sør og Bergen kommune i sørvest.