Vinter-OL 2006
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei 20. olympiske vinterleikane vart haldne i 2006 i Torino i Italia. Det var andre gong Italia arrangerer vinter-OL, første gong var i Cortina d'Ampezzo i 1956. Det vart tredje OL i Italia til saman, ettersom sommar-OL 1960 gjekk i Roma.
Kjappe fakta Utøvarar, Dei olympiske vinterleikane ...
Vinter-OL 2006 | ||
Vertsby | Torino i Italia | |
Nasjonar | 85 | |
Idrettsgreiner | 15 | |
Opna | 10. februar 2006, av Carlo Azeglio Ciampi | |
Avslutta | 26. februar 2006 | |
Utøvarar | ||
---|---|---|
Menn | 1 389 | |
Kvinner | 787 | |
Totalt | 2 176 | |
Dei olympiske vinterleikane |
Close
20 000 frivillige var involvert i leikane, dei tok imot utøvarane, tilskodarane og journalistane, og gjorde i stand arenaene til tevlingane.
Tevlingane vart arrangert i sju ulike byar: Torino, Bardonecchia, Cesana Torinese, Pinerolo, Pragelato, Sauze d'Oulx og Sestriere.
Maskotane var Neve og Gliz. Neve (it. 'snø') er ein kvinneleg snøball, og Gliz er ein energisk mannleg isbit.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Pål Trulsen, som deltok i curling.