Weimar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Weimar er ein by i Tyskland i delstaten Thüringen med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg nord for Thüringer Wald, aust for Erfurt og sørvest for Halle og Leipzig. Dei eldste dokumenta om byen går tilbake til 899. Weimar vart hovudstad i hertugdømet (etter 1815 storhertugdøme) Sachsen-Weimar.
Weimar | |
---|---|
Rådhuset i Weimar | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Thüringen Ingen Kreisfri by |
Grunnlagd | 995 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
84,26 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
64 733 764/km² |
Koordinatar | 50°59′50″N 11°19′0″E |
Høgd over havet | 208 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 99401–99441 |
Telefon-retningsnummer | 03643, 036453 |
Bilnummer | WE |
Heimeside: www.weimar.de |
Her budde mellom anna Johann Wolfgang von Goethe. Goethe sin venskap med Friedrich von Schiller i tida 1794 til Schiller døydde i 1805 er rekna å ha grunnleggjande tyding for tysk litteratur og kultur. Goethe sitt hus i Weimar er i dag eit museum. I 1999 var Weimar europeisk kulturhovudstad. Samstundes vart Goethe sin 200-årsdag feira med ei rad tilskipingar i Tyskland og andre stader.
Weimar har mellom anna eit stort bibliotek frå 1691 kalla Herzogin-Anna-Amalia-Bibliothek. Delar av biblioteket vart den 3. september 2004 øydelagd av brann. Bibliokteket står i dag på UNESCO si verdsarvliste.