Yoav regionale kommune
From Wikipedia, the free encyclopedia
Yoav regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית יואב, Mo'atza Azorit Yoav) er ein regional kommune i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg nær byane Kiryat Gat, Kiryat Malakhi og Ashkelon. Han vart grunnlagd i 1952 og dekkjer eit område på 230 km2 og har kring 5 300 innbyggjarar.
Yoav regionale kommune | |||
regional kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31.600°N 34.900°E / 31.600; 34.900 | ||
Areal | 230 km² | ||
Folketal | 5 300 | ||
Yoav regionale kommune 31.6°N 34.9°E / 31.6; 34.9 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Yoav regional council | |||
Kommunen er kalla opp etter Yitzhak Dubnov, som hadde kallenamnet «Yoav». Han fall i kampar ved Negba i den israelske sjølvstendekrigen. Operasjon Yoav og Metzudat Yoav, som ligg i kommunen, er òg kalla opp etter han.
Kommunen består av to delar som ikkje heng geografisk saman. Hovuddelen grensar i nord til Nahal Sorek regionale kommune, i vest til Be'er Tuvia regionale kommune og Shafir regionale kommune, i sør til Lakhish regionale kommune og Kiryat Gat, og i aust til Matte Yehuda regionale kommune. Den vestlege delen av kommunen, som omfattar kibbutzane Negba og Sde Yoav, grensar i nord og aust til Shafir regionale kommune, i vest til Hof Ashkelon regionale kommune, og i vest til Lakhish regionale kommune.