Øya Vis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vis (gresk Issa, italiensk Lissa) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, og den øya som ligg lengst borte frå kysten av dei busette kroatiske øyane. Ho har eit areal på 90,26 km²,[1] og eit folketal på 3 617 (2001).[2] Den høgaste toppen på Vis vert kalla Hum og er 587 meter høg.[1]
Kjappe fakta Vis, Geografi ...
Vis | |
---|---|
Landsbyen Komiza på Vis | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar | 43°03′N 16°09′E
|
Areal | 90,26 km²
|
Høgaste punkt | Hum (587 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Split-Dalmatia
|
Demografi | |
Folketal | 3 617 (2001) |
Close
Det er to landsbyar og kommunar på øya, Vis (1 960 innbyggjarar i kommunen[3]) og Komiža (1 677[4]). Begge landsbyane ligg ved sjøen. I indre område av øya ligg det mindre busetnadar som Podselje, Marinje zemlje, Podšpilje, Podstražje.[5]