Aarhus rådhus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aarhus rådhus er rådhuset i Århus på Jylland i Danmark. Rådhuset vart innvia 2. juli 1941 og er teikna av arkitektane Arne Jacobsen og Erik Møller. Oppføringa av rådhuset vart vedtatt på byrådsmøte 18. november 1937. Aarhus rådhus vart freda i 1995 på grunn av si eineståande arkitektur.[1]
I det første prosjektforslaget var rådhuset utan tårn, men etter stort folkeleg press vart det teikna inn eit rådhustårn. Prisen var åtte millionar danske kroner, inkludert grunnarealet. I tillegg kom utgifter til inventar på 1,5 millionar danske kroner.
Rådhuset har eit areal på 19 380 m², inkludert kjellar. Romfanget er på kring 10 000 m³. Tårnet er 60 meter høgt, tårnuret har ein diameter på 7 meter; timevisaren er 2,5 meter og minuttvisaren 3 meter lang.
Bygningen er laga i heilstøypt betong som utvendig er kledt med 6000 m² marmorplater frå Porsgrunn i Noreg.
I januar 2006 vart Aarhus rådhus tatt med under arkitektur i Kulturkanonen. [2]