Akkadisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Akkadisk er eit utdøydd austsemittisk språk som var sterkt påverka av sumerisk. Det blei bruka i perioden frå omkring 2500 f.Kr. til det fyrste hundreåret etter Kristus i Mesopotamia og i dagens Syria. Dei siste hundreåra av levetida til språket blei det i stor grad utkonkurrert av arameisk, og blei til slutt berre bruka som skrift- og lærdomsspråk. Språknamnet er avleidd frå namnet på byen Akkad. Akkadisk var folkespråk og embetsspråk i Mesopotamia og i ein periode språket for internasjonal korrespondanse i Midtausten og Egypt.
Akkadisk | ||
Klassifisering: | Afroasiatisk Semittisk Austsemittisk Akkadisk | |
Bruk | ||
Var tala i: | Mesopotamia | |
Utdøydd: | 100 e.Kr. | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | akk | |
ISO 639-3: | akk | |
Akkadisk er ei fellesnemning på tre dialektar som er i nær slekt – gammalakkadisk, babylonsk og assyrisk. Den mellombabylonske språkforma blei i ein periode bruka som eit lingua franca i Midtausten, og er dokumentert, ofte i former som var påverka av språklege substrat som til dømes kanaanittiske språk, i dokument frå andre delar av regionen, blant anna i dei såkalla Amarnabreva.
Frå og med den mellombabylonske perioden blei det bruka ein bestemt dialekt, standardbabylonsk, ved skriving av litterære tekstar i Babylonia og Assyria. Denne litteraturdialekten er ein syntese av gammal- og mellombabylonsk.