Alpine greiner under Vinter-OL 1980
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alpine greiner under Vinter-OL 1980 i Lake Placid vart avvikla i tida 14. - 23. februar 1980 på Whiteface Mountain, ikrig 20 km aust for Lake Placid. Både menn og kvinner tevla i tre øvingar kvar.
Dei seks olympiske øvingane gjaldt òg som den 26. verdsmeisterskapen i alpine greiner, det gjorde i tillegg to kombinasjons-øvingar, ei for menn og ei for kvinner, utrekna på poeng basert på tidsbruken i dei ulike olympiske greinene; slalåm, storslalåm og utfor.
Hanni Wenzel frå Liechtenstein vann to OL-gull og eitt VM-gull, samt eitt OL-sølv. Sveriges Ingemar Stenmark vann to olympiske gullmedaljar.