Amurfalk
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Amurfalk ein liten rovfugl i falkefamilien. Han hekkar i søraustlege Sibir og Nord-Kina og er flyttfugl som overvintrar i Sør-Afrika. Dietten består hovudsakleg av insekt, som termittar.
Amurfalk | |
Amurfalkhann | |
Amurfalkhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig ██ Sommar██ Vinter | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Falkefuglar Falconiformes |
Familie: | Falkefamilien Falconidae |
Slekt: | Falco |
Art: | Amurfalk F. amurensis |
Vitskapleg namn | |
Falco amurensis Radde, 1863 |
Hannar er karakteristisk mørk sotbrune, og kan forvekslast med melanistisk gabarhauk, men kastanjefarga undergump er eit tjenneteikn som skil dei. Dessutan det kan vere noko overflatisk likskap med sotfalk og skiferfalk, men desse to artene begge har gule føter og cere. Hannar av amurfalk blir best skilt frå kveldsfalk ved skilnaden i underdekkfjørene der amurfalk er kvit, medan undervengen hos kveldsfalk hannar er jamt grå.
Hofuglar har kvit, svartspraglete underside og svarte striper på undersida av halen, og kan lettare forvekslast med eit breiare spekter av falkar, men flekker på nedre delen av buken, raud cere og føter utelukkar alle andre falkar.
Amurfalk var lenge tenkt å vere ein underart eller berre morf av kveldsfalk, men er i dag rekna som godt distinkt. Likevel er kveldsfalk næraste slektningen, tilhøva deira til andre falkar er uavklart. Morfologisk står amurfalk som mellomledd mellom tårnfalk og lerkefalk.