Andøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Andøya er den tiande største øya i Noreg med eit areal på 489 km². Ho har mellom anna dei største myrareala (263 km²) i landet og er velkjend for sine moltebær. Myrareala vert også utnytta til omfattande produksjon av veksttorv. Forutan dei flate og stort sett samanhengande myrareala, finn ein også bratte fjellparti som når opp til 700 meters høgde.
- Denne artikkelen handlar om øya i Noreg. For øya i Antarktis, sjå Andøya i Antarktis.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Andøya | |
---|---|
Parti av Andøya mot Nordmela i nordvest. | |
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 69°6′N 15°43′E |
Øygruppe | Vesterålen
|
Areal | 489 km²
|
Høgaste punkt | Kvasstinden (705 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland |
Største busetnad | Andenes (2603 innb.)
|
Lukk
Heile øya ligg i Andøy kommune.