Arabinose
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arabinose (kjemisk formel C5H10O5) er eit monosakkarid og ein pentose. Det er eit kvitt, krystallinsk stoff med søt smak. Båe dei optisk aktive formene av stoffet finst i naturen. Den høgredreiande L(+)-arabinosen er med i arabinsyre, som vidare er med i gummi arabicum. Dette har gjeve sakkaridet namnet arabinose.
Venstredreiande arabinose finst i urinen ved visse sjukdomstilstandar.