Ashley Olsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ashley Fuller Olsen (fødd 13. juni 1986) er ei amerikansk skodespelar. Ho og tvillingsystra Mary-Kate Olsen starta karrieren i fjernsyns-serien Full House (Under samme tak) då dei var 9 månadar gamle. Der delte dei rolla som vesle Michelle Tanner.
Ashley Olsen | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 13. juni 1986 (37 år) Sherman Oaks |
Yrke | skodespelar, gründer, motedesigner |
Språk | engelsk |
Høgd | 155 centimeter |
Ashley Olsen på Commons |
Etter kvart fekk tvillingane Robert Thorne som manager. Som 6-åringar spelte dei inn sin fyrste film, To Grandmother's House We Go. Seinare, då systrene vart eldre spelte dei inn ein ny fjernsynsserie kalla Two of a Kind (Tvillingtrøbbel). Då tvillingane vart 14, spelte dei inn fjernsyn-serien So Little Time. 15 år gamle kom dei i Guinness rekordbok for høgste inntekt for ei barnestjerne på fjernsyn.
I 2004 fylte Mary-Kate og Ashley Olsen atten, og fekk dermed kontroll over heile formua si. Dei vart òg presidentar i selskapet sitt, Dualstar. Same året fekk dei ei stjerne på den prestisjetunge Hollywood Walk of Fame, og dei starta studie på New York University,