Atomvåpen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit atomvåpen, eller eit kjernefysisk våpen, er eit våpen eller eit stridshovud med enorme øydeleggjande krefter som brukar energien frå ein kjernefysisk reaksjon som sprengkraft. Eitt enkelt atomvåpen kan øydeleggje ein heil by, noko som vart vist under den andre verdskrigen da USA bomba dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki i august 1945. Dette er dei éinaste gongene atomvåpen har vorte nytta i krigshandlingar, men prøvesprengingar har vorte gjort fleire hundretals gonger av ulike land.
Sprengkrafta blir målt i talet kg eller tonn TNT som A-bomba tilsvarer. Den første atombomba vart prøvesprengt i New Mexico, USA, 16. juli 1945.
Dei kjende atommaktene er USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India, Pakistan og Nord-Korea. I tillegg er det fleire land som ein veit, eller trur, har atomvåpen, sjølv om dei ikkje vedkjenner seg det.
- Ein går ut frå at Israel har atomvåpen, sjølv om dei offisielt nektar for det.
- Ukraina har kanskje gamle sovjetiske atomvåpen lagra.
- Iran legg til rette for å utvikle sine eigne atomvåpen.