Birka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Birka var den første byen i Sverige og eit viktig senter for handel ved Austersjøen frå 700-talet. Byen låg på øya Björkö i Mälaren i Ekerö kommune. I vår tid er det ikkje anna att etter byen enn dei spora og restane som er kome for dagen ved arkeologiske utgravingar eller kan sjåast i terrenget som gravhaugar og liknande.
- Birka er også namnet på eit norsk senter for kunst og handverk. Sjå kunstsenteret Birka.
Saman med området Hovgården på granneøya Adelsö i same kommune står Birka på Björkö på UNESCO si verdsarvliste.
Birka vart på 800-talet skriven Birca. Namnet kan vera ei latinisering av Björkö. Birka vart òg omtala av Adam av Bremen. Tidlegare har Birka òg vorte kalla Birca og Bierkø. Øya heiter no Björkö, medan namnet Birka er nytta om det området der byen låg.
Birka vart grunlagd kring 750, og var ein av dei første byane i Norden. Andre tilsvarande byar i Norden var Skiringssal (Kaupang) (kring 800) i Noreg, Ribe (kring 710) og Hedeby (kring 810) på Sør-Jylland (nå Slesvig) i Danmark.
Byane hadde fleire sams drag. Det voks fram eit regulert nett av gater. Bygningane låg med gavlen vend ut mot kaien. Handverkarar produserte for ein større marknad enn før, varene kunne seljast over eit større område enn før. Byane låg godt plassert i høve til transport både over havet og til lands. Slik kunne byane inngå i eit internasjonalt handelsnettverk med import og eksport. Kjøpmenn frå nær og fjern (mellom anna den arabiske halvøya) med dyrebare handelsvarer søkte seg til staden. Av utlendingar var det flest av frisarar.
I dag finst det meir enn 3000 gravhaugar og andre typar jordfestingar på Björkö. Fleire jordfestingar kan gjelde utlendingar som har døydd i byen.